Trender: døden av personlig stil?

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Om arrangementet

Alle snakkar om å ha eigen stil – men kvifor ser vi framleis ut som kopiar av kvarandre på campus? Kva er det som gjer at visse plagg plutseleg er overalt? Kven er det eigentleg som bestemmer kva som er "in"? 

Ver med når vi dykker ned i trendbiletet og utforskar korleis smak og stil utviklar seg i møte mellom fortid, samtid og personlege uttrykk. Dette blir ein samtale for alle som er nysgjerrige på korleis trendar oppstår, korleis dei formar kvardagen vår - og korleis hjernen vår blir tvungen til å følgje etter trendane.

Vi får besøk av Lisbeth Bruvold, deleigar av den nye konseptbutikken ÖY. Selskapet er kjend for å kombinere tidlause plagg med særpreg som inspirerar både trendjegerar og stilindividualistar. Med seg har ho sosialpsykolog Hege Høvik Bye, som skal snakke om dei psykologiske aspekta ved trendfølging. Ta på deg dine mest eller minst “basice” plagg, her er alle velkomne! 

Vi sjåast i Teglverket på Det Akademiske Kvarter 12. november kl. 18.

Andre kommende arrangementer

27
/
08
/
2025
18:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Kultur
03
/
09
/
2025
18:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Kultur
08
/
09
/
2025
21:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Fest