Havets apotek

Teglverket, Kvarteret

Om arrangementet

I dag blir det stilt nye og spanande spørsmål. Kvifor får kvalar, som kan leve i over 200 år, så sjeldan kreft, og kan vi lære noko av det? Kan algar, bakteriar eller botndyr gje oss nye antibiotika i ei tid med aukande resistens? Kva skjer når ny teknologi gjer det mogleg å utforske djupare delar av havet enn nokon gong før?

I dette arrangementet utforskar vi havets apotek: kva slags medisinar vi allereie har henta frå havet, og kva forskarar håper å finne i åra som kjem. Historisk har marine organismar gitt oss viktige legemiddel, ofte etter at forskarar har oppdaga heilt spesielle eigenskapar hos dyr og mikroorganismar som lever under ekstreme forhold.

Desse spørsmåla, og mykje meir, står i sentrum når vi samlast til ein fagleg og engasjerande kveld om medisinar frå havet.

Arrangementet finn stad 10. mars på Teglverket, Kvarteret kl. 18.Vi gleder oss til å sjå deg!

Andre kommende arrangementer

07
/
04
/
2026
8:30

Christies gate 18, 5015 Bergen, Norway

Samklang
07
/
04
/
2026
18:00

Storelogen, Kvarteret

Upop
08
/
04
/
2026
18:00

Teglverket, Kvarteret

Kultur