Er dagens samfunn tinderifisert?

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Om arrangementet

Slit du med å tyde meldingar som “haha kult”? Får du nervar av å matche med nokon du faktisk liker? Er du redd for å bli ghostet igjen? Fortvil ikkje – vi tek saken!

I denne panelsamtalen snakkar vi om ghosting, grøne flagg vs. raude flagg, og korleis ein faktisk tek initiativ utan å få hetta. Det blir ein kveld fylt med ærlege samtalar om dagens datingkultur, og tips frå folk som veit kva dei snakkar om. Her kan du endeleg få svar på alle dei rare spørsmåla du har! 

Panelet består av sexolog May Britt Fauskanger frå Bergen Kvinnehelse og psykologspesialist Gunhild Størseth Solhaug frå Sammen Psykisk Helse. Saman skal vi bryte ned datingtabu, dele erfaringar og gi deg verktøya til å navigere i kjærleikslivet med litt meir sjølvtillit.

Kom som du er - flørtete, frustrert eller berre nysgjerrig. Vi sjåast på Det Akademiske Kvarter 27. August klokka 18:00!

Andre kommende arrangementer

27
/
08
/
2025
18:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Kultur
03
/
09
/
2025
18:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Kultur
08
/
09
/
2025
21:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Fest