Rettsstaten: er alt lov?

Olav Kyrres gate 49, 5015 Bergen

Om arrangementet

Domstolanes sjølvstende er under press i stadig fleire land. I Polen er domstolande underlagt politisk kontroll frå styresmaktene, og Benjamin Netanyahus regjering i Israel forsøkte å fjerne domstolanes makt til å kontrollere dei andre statsmaktene. Når rettsstaten forvitrar i det som har vore foregangsland for demokratiet, er det på høg tid å rette eit kritisk blikk mot vår eigen rettsstat.

Noreg ligg i verdstoppen når det gjeld tillit til institusjonane, men er det meir enn tillit og kultur som vernar norske domstolar frå same skjebne som dei polske? 

Eit særskilt stillingsvern for dommarar er kanskje den viktigste garantien for uavhengige domstolar. Er det då haldbart at om lag ein tredjedel av norske dommarar har midlertidig kontrakt? Kva hjelper eigentleg uavhengige domstolar dersom ein ikkje har råd til advokat og heller ikkje får tildelt advokat av det offentlege? Kor tilgjengeleg er retten dersom ein risikerar hundretusenvis av kroner ved eit erstatningssøksmål?

Vi stillar desse spørsmåla og fleire når juristane og justispolitikarane møtast til debatt på Det Akademiske Kvarter 25. april.

I PANELET
Eirik Holmøyvik, professor i rettsvitskap
Ingvild Wetrhus Thorsvik, stortingsrepresentant for Venstre
Torbjørn K. Sognefest, advokat Elden Advokatfirma
Else Marie Rødby, stortingsrepresentant for Senterpartiet

Andre kommende arrangementer

30
/
04
/
2024
8:30

Bergen Offentlige Bibliotek

30
/
04
/
2024
18:00

Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres Gate 49

Upop
02
/
05
/
2024
18:00

Olav Kyrres gate 49, 5015 Bergen

Debatt