Kjøttindustri: Skal vi velge profitt, eller skal dyrene gå fritt?

Olav Kyrres gate 49, 5015 Bergen

Om arrangementet

NOAH slår fast: Den noverande regjeringa er den mest dyrefiendtlege nokon sinne! Dette understrekast ikkje berre av auka subsidier til kjøttnæringa, men også av det markante kuttet i støtte i statsbudsjettet. Dette reiser spørsmål om det er ei endring i prioriteringar eller om det er hensiktsmessig å kutte all statleg støtte til kritiske røyster?

Kjøttkonsumet til norske folk aukar stadig, noko som rettar søkjelys mot kjøttindustrien og korleis dyra faktisk har det der. Er industrien sine problematiske sider mogleg å rettferdiggjere, eller er det betraktelege kjøttkonsumet ikkje forsvarleg? Dyrepoliti er eit tiltak for å førebygge dyremishandling og har blitt implementert i fleire politidistrikt i Noreg. Kor effektivt er eigentleg dyrepolitiet? Er det berre eit tiltak for å dekke over kutt i midlar til dyrevelferdsorganisasjonar i statsbudsjettet? 

Vi vil gå nærare inn på regjeringa si grunngjeving for kuttet, kaste lys over ulike perspektiv og opne for ein spennande dialog. Møt opp, del tankar og engasjer deg i debatten på Det Akademiske Kvarteret 8. februar! 

I PANELET

Espen Gamlund
Andre innledere annonseres fortløpende

Andre kommende arrangementer

No items found.