Håkjerring: Kjerringa mot strømmen

Olav Kyrres Gate 49

Om arrangementet

Håkjerringa lev i over 130 år før ho vert kjønnsmoden, og har ein toppfart på stusslege 1 km/t. Korleis i alle dagar overlev ho, og korleis klarar ho å fange byttedyr? Det har vorte fanga to millionar dyr av denne fascinerande haien, men berre ein einaste gong har nokon kome over denne skapninga med barn i magen. Håkjerring har svømt rundt på jorda i over 100 millionar år, og vert ofte omtala som eit av dei mest mystiske dyra i havet.

Vi inviterar til ein spennande samtale om det lengstlevande virveldyret på planeten med sine 400 år, som forskarane sjølve veit alt for lite om - eit tema som er mykje meir spennande enn du først skulle ha trudd!

Velkommen til Storelogen i Det Akademiske Kvarter 12. november kl 18.00!

Andre kommende arrangementer

07
/
04
/
2026
8:30

Christies gate 18, 5015 Bergen, Norway

Samklang
07
/
04
/
2026
18:00

Storelogen, Kvarteret

Upop
08
/
04
/
2026
18:00

Teglverket, Kvarteret

Kultur