Amalies hage, Bergen Offentlige Bibliotek
Er du fysikar? Ikkje eg heller. Denne morgonen ynskjer vi å utforske eit ukjend territorium for mange av oss, nemleg fysikkens fabelaktige fenomen. Alt rundt oss er avhengig av fysikkens lovar og reglar. Det er mykje som kan verke vanskeleg å skjønne og forstå, men frykt ikkje, saman med to fysikkekspertar skal vi bli litt klokare.
Det er lett å tru at fysikk berre handlar om formlar, tal og komplekse figurer. Men det er meir enn det. Fysikk påverkar faktisk vårt daglege liv på måtar vi kanskje ikkje tenker over. Fysikk handlar om universet sine elementære byggesteinar og dei fundamentale kreftane mellom dei. Med andre ord, fysikk er alt. Har du kanskje tenkt på kvifor det doggar på innsida av bilruta, og om brødskiva eigentleg alltid fell med påleggssida ned?
Denne morgonen blir fysikk lettbeint, og vi forsøker å forklare korleis ting heng saman. Vi tar deg gjennom ein nybegynnar si guide til kvardagsfysikken med croissanter, atomar og kanskje nokon aha-opplevingar!
Kom til Amalies Hage den 6. februar, for kaffe og kvantesprang!
I panelet:
Kai Håkon Strand, fysiker
Flere innledere annonseres forløpende.
MEDLEMSKAP Studentersamfunnets arrangementer er åpne for alle. Ved kjøp av billett får du medlemskap i Studentersamfunnet i Bergen, og dermed fri inngang på alle ordinære arrangementer inneværende semester. Medlemskap kan kjøpes via Hoopla-lenken.