Er det mer kultur i Bergen enn bare Brann?

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Om arrangementet

Korleis står det til med kulturbyen Bergen? Byen har alltid hatt ein sterk og levande kulturprofil, men korleis ser framtida eigentleg ut? Har byen nok publikum, kunstnarar og studentar til å halde hjula i gong? Kva skjer når midlane til kulturformål gong på gong vert kutta eller haldne tilbake?

Samstundes som mykje av den nasjonale kulturfinansieringa er samla i Oslo, stiller vi spørsmålet: Kan denne byen ha eit kulturtilbod på høgt nivå utan at det fører til skuldingar om elitisme? Vi inviterar til ein panelsamtale der vi set søkelyset på utfordringar, moglegheitar og vegen vidare for kulturbyen Bergen. Med oss i panelsamtalen har vi Peter Snare, direktør av Kode, og Benjamin Joseph Dowling, eier av galleriet UpNorth Art society.

Målet med samtalen er å løfte fram stemmene til dei som faktisk vert råka, skape dialog mellom ulike aktørar og mobilisere til handling for eit framleis yrende kulturliv i Bergen.

Kom til Teglverket på Det Akademiske Kvarter 15. oktober, kl. 18.00!

Andre kommende arrangementer

07
/
10
/
2025
20:00

Samklang
11
/
10
/
2025
21:00

Det Akademiske Kvarter

Fest
15
/
10
/
2025
18:00

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Kultur