Det var ein gang eit univers

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Om arrangementet

Å tenke på universet kan gje deg hovudbry - det er så stort, og du er så liten. Frå Big Bang og utover, bli med på ei reise langs universet si tidslinje!

Det er lett å tenke at universet er for stort og for vanskeleg å forstå. Big Bang, elektromagnetisk spekter, galaksar, svarte hol, det kunne like så greit vore gresk. Kan ein forklare universets gong på ei litt enklare og meir forståeleg måte? Vi seier ja!

Vi blir stadig klokare på kva universet si mystiske fortid skjuler, og teoriane om kva framtida vil by på er mange. Likevel sitt vi med en rekkje spørsmål som er like uendeleg som universet sjølv. Korleis blei universet eigentleg til? Kor stort er det? Og korleis kan det vere uendeleg nå det ekspanderer heile tida?

Saman med førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi Kjartan Olafsson og astronom Vegard Rekaa skal vi utforske universet si historie og framtid.

Vi tek deg med frå universet si byrjing til slutt, på 90 minutt!

I PANELET

- Vegard Lundby Rekaa, sstronom og daglig leder i Astronomen

- Kjartan Olafsson, førsteamanuensis ved Institutt for fysikk og teknologi ved UiB

Andre kommende arrangementer

02
/
04
/
2024
18:00

Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres Gate 49

Upop
03
/
04
/
2024
18:00

Det Akademiske Kvarter, Olav Kyrres gate 49

Kultur
04
/
04
/
2024
18:00

Olav Kyrres gate 49, 5015 Bergen

Debatt