Bistand: god gjerning eller god samvittighet?

Det Akademiske Kvarter

Om arrangementet

Kom til Studentersamfunnet for å utforske Noregs engasjement i bistandsarbeidet. Dette er ein debatt som strekkjer seg langt utover landets grenser og kjem inn på kjerneprinsipp om rettferd, utvikling og internasjonalt samarbeid. 

Dei som støttar bistand argumenterer for at det i lengda vil være lønsamt for Noreg. Videre meiner dei at Noreg, som eitt av verdas mest velståande land, har ein moralsk plikt til å støtte dei som lide under ekstrem fattigdom og urettferd. Dei peikar på suksesshistorier der bistand har bidratt til å forbetre helse, utdanning og infrastruktur i utviklingsland, og hevdar at vedvarande støtte er avgjerande for å skape varig  endring. På den andre sida reiser skeptikarar alvorlege spørsmål om effektiviteten og det langsiktige verknadar til bistand. Dei påpeikar at mange prosjekt lide av korrupte regime, misbruk av midlar og manglande berekraft, og at bistand kan skape avhengigheit og hindre økonomisk vekst i mottakarlanda. I tillegg til å diskutere om Noreg bør halde fram med å gi bistand, må vi også vurdere korleis bistand burde prioriterast og forvaltast. Skal vi fokusere på humanitær nødhjelp, langsiktig utvikling eller ein kombinasjon av begge? Korleis vil i så fall denne kombinasjonen sjåast ut? Kom på det Akademiske Kvarter den 26. september  for å få med deg ein interessant debatt!

Andre kommende arrangementer

11
/
09
/
2024
18:00

Det Akademisk Kvarter, Olav Kyrres gate 49

Kultur
12
/
09
/
2024
19:00

Det Akademiske Kvarter

Debatt

Frokost med Lise

Frokostmøte
17
/
09
/
2024
8:30

Bergen Offentlige Bibliotek

Billetter
Aktuelt