Ævestaden

Teglverket, Det Akademiske Kvarter

Om arrangementet

Ævestaden er ein svensk-norsk trio inspirert av folkemusikken. Med både tradisjonelle og moderne instrumentar, lagar bandet eit magisk lydbilete!

Trioen er ikkje redd for å utforske med instrumentar. Når lyre, munnharpe, langeleik og vokalar får møte keyboard og pedalar skapar dei eventyrlege harmoniar. Lyrikken behandlar alt frå liv og død, til det sekulære og heilage. Deira særeigne uttrykk inviterer deg inn i eit tidlaust sonisk landskap.

Debutplata “Ingen mere gråter” etablerte Ævestadens medlemmer som dyktige nykommarar innan moderne skandinavisk folkemusikk. I 2022 vann dei Folkelarm-prisen for same plate. Med den nyeste EP-en “Jäg er sen igen” viderautviklar trioen sitt eige lydlandskap. Her samarbeidde dei med indie-orkesteret Benedikt for å bringe frem ein stemningsfull melankoli som treff kvar enkelt lyttar. Opptredenen gir ein smakebit på heile det fantastiske repertoaret deira.

Ævestaden byr på ei varm velkomst for dei som ikkje er kjent med folkemusikk, og vil overraske og fenge dei som allereie elskar sjangeren.

ID OG INNSLIPP

CC: 57,-

Inngang: 20 år (18 år med studentbevis)

Dørene åpner kl 20. Konsertstart kl 21.

Andre kommende arrangementer

No items found.