Åpningsmøte: Kald krig i kaldt vann

02
/
02
/
2024

Nyheitsbildet er prega av krig og øydeleggingar. Enkelte konfliktar får likevel relativt lite merksemd, trass i at dei kan få enorme konsekvensar for heile verda. Kanskje er det grunn til bekymring for ei slik eskalering i Sør-Kinahavet, der Kina og USA strir om Kina sine territoriale krav. Kan dette vere kimen til ein ny verdskrig, og kor godt førebudd er Noreg på det?

 

I Sør-Kinahavet raser ein konflikt som ikkje berre truar stabiliteten i regionen, men som óg kan ryste heile det internasjonale samfunnet. Usemje om kontroll over territorium og ressursar, og stormaktene si militarisering av regionen, heng som ein trussel over fleire søraustasiatiske land. Sør-Kinahavet sine store førekomstar av fisk, olje, og gass gjer konflikten viktig regionalt. Samstundes står dette området for ein tredjedel av verdas skipstrafikk, noko som utgjer ei stor interesse globalt. Kor stort er eskaleringspotensialet i Søraust-Asia?

 

At USA "intervenerer" i regionale konfliktar er regelen heller enn unntaket, men kva tyder det i ein konflikt med potensielt store globale implikasjonar? For NATO-landet Noreg har ei slik eskalering klart nok konsekvensar, men kva har det norske militæret å stille opp med i ein potensiell verdskrig?

 

Det er duka for opningsmøtet til Studentersamfunnet i Bergen, i Grieghallen 2. februar! Etter panelsamtalen får alle gjester gratis inngang til konsert i regi av Bergen Filmharmoniske Orkester, der Matthias Goerne synger Mahler, frå 19:30.