Laster Hendelser

« All Hendelser

Personlegdom søkjast

26. mars kl. 18:00 - 20:00

Kven er du i Game of Thrones? Kva slags bilmerke passar deg best? Kva type brød er du? Ein skulle nesten tru at det finst like mange kvissar om kven ein er, som det finst mennesker.

Vi har alle ein personlegheit. Dette er summen av alle våre psykologiske trekk som påverkar korleis vi samhandlar med omgjevnadane. Men kor avgjerande er den eigentleg?  Kan 60 spørsmål føresei hva slags val du vil ta, og korleis du vil prestere i ein jobb?

Det er vanleg å sette mennesker i bås på grunn av personlegheitstrekk. Testane som finst er alt frå dei veldig useriøse til dei svært etablerte, som du risikerer å få på jobbintervju. Dette er mellom anna den kjente femfaktormodellen, som seier om du er introvert eller ekstrovert, nevrotisk eller stabil, impulsiv eller planmessig, og så vidare.

Men kva om det er slik personlegheitstest som står mellom deg og ein potensiell draumejobb? Er desse testane både rettferdig, pålitleg og etisk? Dette møtet tek føre seg korleis personlegheit kan testast, kategoriserast og brukast i arbeidslivet.

For å utforske dette interessante temaet har vi med oss Rudi Myrvang, organisasjonspsykolog, cut-e Nordic, et firma som leverer psykometriske løsninger til næringslivet, og Silje Kvam Bårdstu, forsker på personlegdoms- og utviklingspsykologi ved FHI.

Detaljer

Dato:
26. mars
Tid
18:00 - 20:00

Sted

Det Akademiske Kvarter
Olav Kyrres gate 49
Bergen, Hordaland 5015 Bergen Norge
Telefon:
+47 55 58 99 10
Hjemmeside:
https://kvarteret.no/
Lukk meny