Laster Hendelser

« All Hendelser

Litterært Kvarter: Mannen

27. mars kl. 20:00 - 22:00

I brorparten av litteraturhistoria har mannen hatt ei dominerande rolle – både som rollefigur og som forfattar. Mannsrollen anno 2019 er i stadig endring, og omgrepet “mann” er kanskje ikkje så tydeleg som tidlegare. Dermed er spørsmålet: Skriv forfattarar om mannen på ein annan måte enn før, og har det maskuline ei anna rolle i litteraturen?

Skildringa av mannen varierer etter forfattar, epoke, stil og handling. Sidan alle kan skrive om han, vert han òg framstilt i ulikt ljos. Korleis bør vi skildre og forstå mannen? Skal vi avsløre mannen i gata, vise eit vidt spekter i menneskesjela, eller er hensikta å forsterke det maskuline?

Verdsomspennande rørsler og kampanjar som #metoo har endra synet vårt på kjønnsrollene og på forholdet mellom dei. Vert forfattarane òg påverka av biletet av mannsrolla i media? Kan vi alt no se ei endring i korleis mannen portretterast? Vi har invitert forfattar Frode Grytten og professor Eirik Vassenden til ein prat om det maskuline og om korleis vi skriv om menn i den nyaste litteraturen.

 

Detaljer

Dato:
27. mars
Tid
20:00 - 22:00

Sted

Det Akademiske Kvarter
Olav Kyrres gate 49
Bergen, Hordaland 5015 Bergen Norge
Telefon:
+47 55 58 99 10
Hjemmeside:
https://kvarteret.no/
Lukk meny