Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Kammermusikk & tapas

26. mars kl. 20:00 - 22:00

Perler på tallerken og perler frå kammermusikken. Samklang stiller med begge! På denne loungekvelden vert det presentert eit lite utval av kammermusikalske verk saman med servering av eit variert utval av små og smakfulle rettar.

Dette er ein kveld for å slappe av med tapas og musikk – og det høyres vel eigentleg ganske greit ut. Våre flinke samarbeidspartnarar i Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) spelar kammermusikk av beste kvalitet for oss i Storelogen på Kvarteret. Her vil det bli perler for øyret og perler for ganen. Terskelen er låg og stemninga høg, kom og fyll opp ditt kammermusikalske behov ein litt kald kveld i mars. For dei meir boheme i publikummet kan vi og nemne at baren som vanleg er open og betjent av dei mest tenestevillege, frivillige bartendarar.

Håper vi sjåast i Storelogen kl. 20.00 for ein kveld fylt med musikk og god mat. Ta gjerne med ein svolten venn eller to, til ein tysdagskveld  du seint vil gløyme!

Detaljer

Dato:
26. mars
Tid
20:00 - 22:00
Hendelse Kategori:

Sted

Det Akademiske Kvarter
Olav Kyrres gate 49
Bergen, Hordaland 5015 Bergen Norge
Telefon:
+47 55 58 99 10
Hjemmeside:
https://kvarteret.no/
Lukk meny