Laster Hendelser

« All Hendelser

Høgkulturelle holebuarar

30. april kl. 18:00 - 20:00

Våre tidlegare forfedrar drev med holemåling og pottekunst. Dei hadde primale ritualar ved både død og fødsel. Men kva veit vi eigentleg om deira åtferd og kulturelle uttrykk? Kanskje liknar dei meir på moderne menneske enn det ein skulle tru?

Den menneskelege art kom, som alle andre primatar, frå kontinentet Afrika. I dag, fleire titusen år seinare, har menneska buset seg over heile verda. Det er lenge sidan vi kledde oss i pels, bar spyd og budde i holer. Våre tidlige forfedrar, har likevel lagt etter seg symbolar og kulturelle gjenstandar. Det er funn som kan fortelje mykje om daglegliva deira.

SapienCE, eit Senter for fremragende forskning ved UiB, forska på åtferd og symbolar hjå tidlegare menneske. Funna etter teikninga i Blombos-hola i Sør-Afrika fekk mykje merksemd. Den er estimert til å vere heile 73 000 år gamal, og er dermed verdas eldste tegning!

Vår gjest på dette møtet er Eystein Jansen, professor i geovitenskap og visedirektør i SapienCE.

Detaljer

Dato:
30. april
Tid
18:00 - 20:00

Sted

Det Akademiske Kvarter
Olav Kyrres gate 49
Bergen, Hordaland 5015 Bergen Norge
Telefon:
+47 55 58 99 10
Hjemmeside:
https://kvarteret.no/
Lukk meny