Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

Gjenbruksteater

10. april kl. 18:00 - 20:00

Har du lurt på kvifor dei same teaterstykka går gong etter gong? Det vert stadig produsert nye oppsetjingar, men ofte vert dei ståande i skuggen av meir kjente stykke. Kva er grunnen til det?

Fleire gongar i året kan vi sjå dei same Ibsen-stykka på dei store teaterscenene. Det same gjeld mange andre klassiske drama. Er det negativt at vi ser dei same stykka om igjen, eller er dei kjende stykka rett og slett dei beste? Lar det seg gjere å passere dei i popularitet, eller er det noko som held nyare stykke nede? Og kanskje det viktigaste spørsmålet: Er det noko vi som publikum kan gjere med saka?

Desse spørsmåla søkjer vi svar på i lag med Sven Åge Birkeland, teatersjef ved BIT Teatergarasjen, og Agnete Gullestad Haaland, skodespelar og teatersjef ved Den Nationale Scene. Med deira hjelp kan vi muligens få ny innsikt i korleis dei store scenene vel ut kva dei set opp og kvifor dei gjer det.

 

Detaljer

Dato:
10. april
Tid
18:00 - 20:00

Sted

Det Akademiske Kvarter
Olav Kyrres gate 49
Bergen, Hordaland 5015 Bergen Norge
Telefon:
+47 55 58 99 10
Hjemmeside:
https://kvarteret.no/
Lukk meny