Laster Hendelser

« All Hendelser

Ei verd full av kaffi

3. april kl. 18:00 - 20:00

Kvart år set ein gjennomsnittleg nordmann til livs ni kilo kaffi – eller om lag tre koppar for dag. Er det eigentleg kaffien som er det “svarte gullet” og ikkje olja?

Kaffi finnst omtrent i ein kvar sosial samanheng, i alle former frå pulverkaffi til bruk på fjelltur, trakta eller pressa, automatkaffi, til kunstferdige tillaga cappucinoar av nykverna bønner, frå eit av Noregs mange kaffibrenneri, kafear og andre utsalsstadar. Korleis skilje mellom god og dårleg kaffi, og kva må til for å få kaffien til å ende opp som det florlette brygget ein kan gle seg til om morgonen, framfor lukta av asfalten som ein berre må halde seg for nasen?

Kaffi kan vere ein vanskeleg jungel å navigere i, og for å fortelje oss om alt som kan skilje kaffi – frå opphavsland til brennegrad, bryggemetode, styrke og smak, har vi fått tak i Bjørn Grydeland frå Norsk Kaffeinformasjon, Christian Nesset frå Kaffemisjonen og Magnus Hoem Iversen, med både barista-erfaring, og ei nitidig analytisk tilnærming til kaffi. I forbindelse med dette møtet ynskjer også Studentersamfunnet å invitere til smaking av eit utval av kaffi, saman med innleiarane frå møtet.

Detaljer

Dato:
3. april
Tid
18:00 - 20:00
Hendelse Kategori:

Sted

Det Akademiske Kvarter
Olav Kyrres gate 49
Bergen, Hordaland 5015 Bergen Norge
Telefon:
+47 55 58 99 10
Hjemmeside:
https://kvarteret.no/
Lukk meny